Populært Kaptein Hjørnetann show under Sommarfestivalen 2025
- Detaljar

Under Sommarfestivalen 2025 i Vikedal dukka nok ein gong Kaptein Hjørnetann opp. For første gong i historia til denne figuren, som er skapt av Vikedal Ungdomslag, var det ei kvinneleg utgåve. Då kapteinen kom så fekk ho med seg barna på å finne skatten med gullpengar i. Alle barna fekk utdelt kvar sin gullpenge. Etter dette var det å finne ein person i bygda som har fått til noko positivt. Dette året hadde kapteienen plukka ut Johann M. Reinertsen, som er leiar for DriftsTeamet til Vikedal Bygdahus og Idrettshall. Han fann dei fort fram til, for så å føre han til enden på moloen slik at han blei kasta på sjøen. Etter dette kunne barna som ville det ta bilde saman med Kaptein Hjørnetann.
Les meir: Populært Kaptein Hjørnetann show under Sommarfestivalen 2025
15.000 kroner frå Haugesund Sparebank
- Detaljar

Vikedal Ungdomslag fekk heile 15.000 kroner i støtte frå gåvefondet til Haugesund sparebank. Desse pengane set Vikedal Ungdomslag veldig stpr pris på - det betyr at laget kan halda fram med å tilby aktivitet for barn, unge og eldre. Støtta skal brukast til å vidareføre dansekursa for 1-7 klasse. Tusen takk til Haugesund Sparebank for støtta.
VUL støttar Laugarlaget med 5.000 kr
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag synest det er mange kjekke prosjekt for barn, unge og eldre i Vikedal. Difor prøver me å gi støtte til prosjekt som skapar aktivitet i bygda. Denne gong har VUL beslutta å støtte Vikedal Laugarlag med 5.000 kr, det er eit flott prosjekt dei jobbar for nede i båthamna. Det skal bli kjekt med sauna for bygdefolk og omegn framover. VUL ønskjer lukke til med prosjektet og håpar at vår støtte kjem godt med.

VUL støttar Vikedal klatrevegg med 20.000 kr
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag støttar Vikedal Klatrevegg med 20.000 kr. Dette blei vedtatt på årsmøtet i mars.Vikedal klatrevegg søkte om støtte og VUL vurderte dette nøye og støttar dette prosjektet på lik linje med støtta laget gav til Vikedal Pumptrack. Vikedal Ungdomslag har som vane å støtte gode prosjekt som skapar positiv aktivitet for barn og unge i Vikedal.








