Lørdag 11. juli 2026 var det duka for nok eit Kaptein Hjørnetann Show i båthamna i Vikedal. Dette i samband med Fiskefestivalen som Vikedal Båtforeining arrangerte. I år var det nok ein gong kvinneleg Hjørnetann, Tomine H. Dahlberg spelte den populære kapteinen for andre år på rad. Plottet i år var som vanleg at Kaptein Hjørnetann fekk barna med på å finne skatten, altså ei kiste med gullpengar. Dette fekk ungane til å bli veldig engasjerte, dei fann skatten til slutt og alle fekk seg ein gullpeng.
Etter skattejakta var det nok ei jakt, nemleg å finne kapteinen på FKH, Kristine Hustveit Nybru. Kaptein Hjørnetann likar ikkje at ein annan Vikedaldsbu har fått denne kapteinstittelen. Difor fekk ho alle barna med seg på å finne ho og kasta ho på sjøen på moloen i Vikedal. Dette skapte også veldig stort engasjement blant barna.
(Kaptein Hjørnetann, Tomine H. Dahlberg og kaptein på FHK Kristine Hustveit Nybru var gode venner etterpå, trass at ho blei kasta på sjøen. Alle som ville kunne få bli tatt bilde av saman med desse to. Foto: Nils Erik Eide)
Du finn fleire bilde frå dette showet på Vikedal Ungdomslag si Facebookside her.



