Vikedal Ungdomslag arbeider for godt oppvekstmiljø i Vikedal for barn og unge. Ein av aktivitetene det siste året har vore danseundervisning med dansepedagog kvar tirsdag etter skulen. Målet er at det skal vera lite kostnad for kvart enkelt born, slik at ingen vert utestengt frå aktivitet pga økonomi i desse tider med høge utgifter. Ungdomslaget søker difor midler frå ulike fond, og har fått litt støtte fra nokre. Men ungdomslaget treng fortsatt økonomisk midler, så flott dersom nokon har moglegheit til å støtte økonomisk, me set utruleg stor pris på. 

Her er giro, VUL set pris på om du vil bli medlem i Vikedal Ungdomslag. På giroen står det 50 kr som støttemedlem, du står sjølvsagt fritt til å støtte med så stor sum du vil.

På førehand takk frå styret i Vikedal Ungdomslag.

Les også om VUL sine andre positive aktivitetar og tilbod for små, unge og eldre.


Her frå ein av VUL sine kulturkveldar på Vikedal bygdahus. 

Facebook