Vikedal Ungdomslag har ei eiga barneteatergruppe som me kallar for "Kinaputten". Me har kalla den det fordi revygruppa for dei vaksne heiter "Port Salutt" - og i og med at salutten er eit stort og kraftig smell, syntest me det passa med eit litt mindre smell for dei små, nemleg kinaputt. Dette er ikkje fordi me meinar dei er mindre viktige; tvert i mot.

Logoen er også her teikna av Bente K. Holten
Barneteatergruppa har framført desse stykka:

2005: "Atter ei raudhette"
2010: "Nisse på Villspor"
Begge oppsetningane var suksess.

Me håpar på å få på plass eit apparat med det første som vil organisera ein ny suksess for denne barneteatergruppa.
Dersom du/de ønskjer å vera med på barneteater, ta gjerne kontakt med ein av oss i styret.
Me er også interessert i vaksne (intruktørar, kulisse, kostyme, musikk m.m.)

Nils Erik Eide 13.03.13

Facebook