Du treng ikkje bekymre deg for å måtte gå dugnad dersom du blir medlem av Vikedal Ungdomslag. VUL har som mål å skape aktivitetar i bygda for barn, unge og eldre, det betyr at me må ha meir midlar, ved å støtte Vikedal Ungdomslag med ditt medlemskap, hjelper du til med å få til ei aktiv bygd barna våre og sambygdingar elles.

VUL har dei siste 10 åra bidratt til følgjande positive aktivitetar i bygda vår:

  • Vikedal idrettshall
    VUL bidrog med rentestøtte på 25.000 kr i året i fem år etter at hallen vart opna
  • Kunstgrasbanen i Vikedal
    VUL bidrog med pengestøtte til dette prosjektet også
  • «Med hjarte på rette staden»
    Leikeplassen på Vikedal skule, her bidrog VUL sterkt med frisk kapital på 60.000 kr pluss at me stod som søkjar der me fekk 100 000 kr frå Etne Sparebank fondet til dette flotte prosjektet.
  • Vikedal drill
    Det er fare for at dei populære drilljentene i bygda ikkje får trenar framover, og då kanskje må avslutte denne flotte aktiviteten for jenter. Her har då VUL bestemt at me vil støtte med 10.000 kr i året i tre år (til saman 30.000 kr) slik at drilljentene skal få trenar og halda fram med denne kjekke aktiviteten som har gleda sambygdingane våre i mange år, spesielt på 17.mai og på andre drillstevner rundt omkring.
  • Lydutlån/leige
    VUL har i mange år gått til innkjøp av godt lyd- og lysanlegg som me leiger ut billig til ulike arrangement. Me låner ut gratis til arrangement for barn og unge.
    For mange år sidan donerte VUL lydanlegg til Vikedal bygdahus til ein verdi av 100 000 kr, slik at ein kunne leggja godt til rette med lyd på ulike arrangement.
    I mange år lånte VUL ut anlegg til ulike musikkprosjekt gratis dersom ein er/var medlem av VUL.
    Laget har stilt villig opp med lyd på middagstreff for pensjonistar på Vikedal Kro og Motell.
  • 3-er «pannabane»
    VUL sponsa Vindafjord idrettslag med ein 3-er pannabane til 30.000 kr, som har sin base på kunstgrasbanen i Vikedal. Desse er veldig kjekke for dei minste, og også når VIL arrangerer Joker Vikedal Cup årleg. Her har forresten VUL lydanlegg til disposisjon.
  • Kaptein Hjørnetann
    I fleire tiår har VUL stilt med gratis underhaldning for barna på Sommarfestivalen i Vikedal. Det populære Kaptein Hjørnetann showet tiltrekkjer seg fleire hundre barn og unge, som ser fram til å treffe denne kjekke piraten og «daljertane» hans. Her får barna vera med på skattejakt og ikkje minst kaste ein av sambygdingane våre på sjøen via planken. For jobben får dei kvar sin gullpeng.
  • Gratis lyd på juletrefest
    Årleg vert det arrangert juletrefest for barn med familiane sine. Her har VUL gratis lyd.
  • VUL disko
    Eit anna populært arrangement som VUL arrangerer for barn og unge er VUL disko, som har vore veldig suksessrik med god stemning og dans og moro. Det er mange arrangement for vaksne på sommarstid, dessverre ikkje så mykje for dei små. Dette gjer VUL noko med og inviterer altså til dette kjekke diskoteket.
  • Barneteater
    Vikedal Ungdomslag har ei eiga barneteatergruppe som me kallar for "Kinaputten". Me har kalla den det fordi revygruppa for dei vaksne heiter "Port Salutt" - og i og med at salutten er eit stort og kraftig smell, syntest me det passa med eit litt mindre smell for dei små, nemleg kinaputt. Dette er ikkje fordi me meiner dei er mindre viktige; tvert i mot. Me håpar på å få på plass eit apparat med det første som vil organisera ein ny suksess for denne barneteatergruppa, og for å få til dette er me avhengig av å få fleire medlemmer.
  • Revy
    Vikedal Ungdomslag si revygruppe Port Salutt har eksistert sidan 2000. Sidan starten har gruppa laga fem revyar. Namnet "Port Salutt" kjem av osten Port Salut (utalast Port Saly) som var Vikedal sitt nasjonale og internasjonale kjennemerke på mange måtar.
    Då denne revygruppa blei etablert var meieriet som denne osten blei produsert i ferd med å leggjast ned. Det betydde at det ikkje lenger blei produsert denne osten som Vikedal var så kjent for. Revygruppa bestemte at å "hylle" denne osten ved å gi gruppa namnet "Port Salutt" -gruppa meinte at det også måtte gjerast "med eit smell" - difor Salutt!
    Etter 10 år med intensiv jobbing for å få til revyar i Vikedal, tok revygruppa ein liten pause. For at me skal kunne starta opp med nye revyar igjen er me avhengig av at folk som har lyst til å bli med melder seg. Me treng også fleire medlemmer for å kunne arrangera dette for bygda. Me håpar at de blir medlem av VUL, slik at me kan få til slike omfattande arrangement som dette.
  • PubQuiz
    VUL har saman med Midtbygden Ungdomslag arrangert fleire PubQuiz – når Covid-19 situasjonen gir oss rom for å arrangera dette igjen vil me sjølvsagt invitera til dette. Det er eit populært arrangement som trekkjer ut folk til bygdahuset tidleg. Her får dei brynt seg på utfordrande spørsmål, der kvelden vert avslutta med dans og open bar. FYK og Port Salutt Band har spelt opp til dans etter Quizen – kven blir neste? Det gjenstår å sjå, me treng medlemmer for å få til slike kjekke arrangement for vaksne.
  • Hans
    VUL har samarbeidd med Midtbygden Ungdomslag for å få til kjekke familiearrangement på St.Hans. Her har me fyrt opp stort bål på Vikedal Motorbane, med kiosksal og underhaldning. Bli medlem slik at me kan få til dette framover, det er ingenting som er kjekkare enn at me samlast på slike kjekke dagar
  • Med meir, med meir
    I tillegg til alt det som er nemnt over er også VUL med på å halda drifta oppe for Vikedal Bygdahus, som den største andelseigaren har me mykje å seia for kva som skjer der og kva som vert investert i.
    Me samarbeidar tett med nabolag og andre organisasjonar rundt oss.
    Vikedal Ungdomslag får gode inntekter på Grasrotandelen, og dersom du ønskjer å hjelpa VUL med gode inntekter, venlegast set oss som Grasrotmottakar i dag…

Venlegast klikk her for å lasta ned giro for å betala kontingent for Vikedal Ungdomslag. Me har desse medlemsskapa:

  • Aktivt medlem over 18 år: kroner 200,-
  • Aktivt medlem under 18 år: kroner 200,-
  • Aktiv familie: kroner 400,-
  • Støttemedlem: kroner 50,-


På førehand tusen takk for støtta!

Beste helsingar frå styret i Vikedal Ungdomslag

Facebook