Grasrotandelen

Vikedal Ungdomslag si revygruppe Port Salutt har eksistert sidan 2000. Initiativtakarar er Svein Bjarte Holten og Nils Erik Eide.
Sidan starten har gruppa laga fem revyar:

2000: "Dåkke sete å glor"
2003: "Asjele' Dasj'n"
2005: "Ikkje bra, men godt nok"
2007: "Du & Gna gjer bygda gla'"
2009: "Splitter Pine det går så det grine"

Namnet "Port Salutt" kjem av osten Port Salut (utalast Port Saly) som var Vikedal sitt nasjonale og internasjonale kjennemerke på mange måtar.
Då denne revygruppa blei etablert var meieriet som denne osten blei produsert i i ferd med å leggjast ned. Det betydde at det ikkje lenger blei produsert denne osten som Vikedal var så kjent for. Revygruppa bestemte at å "hylle" denne osten ved å gi gruppa namnet "Port Salutt" -gruppa meinte at det også måtte gjerast "med eit smell" - difor Salutt!

 Etter 10 år med intensiv jobbing for å få til revyar i Vikedal, har revygruppa tatt ein liten pause. Me kjem sterkt tilbake når batteriet er lada opp...

Logoen vår er teikna av Bente K. Holten.

Revygruppa har eit eige revyorkester - Port Salutt Band (PSB):

Facebook