Det var oppstartsmøte for eventuell ny revy hausten 2023 i går på Vikedal bygdahus. Styret i Vikedal Ungdomslag har markedsført på Facebook, heimesida og med plakatar i bygda. Dette i tillegg til “jungeltelegrafen”. Likevel møtte det ikkje så mange som styret hadde håpa på. Dei som kom var veldig ivrige og hadde mange gode idear. Likevel kunne ikkje ein konkluderera med at det blir revy i haust. Det som blei einigheit rundt bordet var at dei som kom skal prøve å hanke inn folk og skrive innslag i løpet av sommaren. 

 Det blir nytt møte med deadline der endeleg avgjerd blir gjort om det vert revy eller ikkje, det skal vera på Vikedal bygdahus måndag 4. september 2023 kl. 19.00. Så då er det opp til folket i bygda om det blir revy, Vikedal Ungdomslag vil, men er avhengig av at folk blir med på dette omfattande arrangementet. 

 

Facebook