Frifondmidlar til VUL
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag kan med glede melda om at laget har fått over 18.000 kr i frifondmidlar frå Noregs Ungdomslag for 2022. Desse midlane kjem godt med for å skapa liv og aktivitet for barn og unge i Vikedal.
Planlagd aktivitet er vidareføring av dans for 1-7. klasse, Kaptein Hjørnetann, Sommardisko, HalloVen fest mm. VUL takkar for støtta og dei kjem som sagt veldig godt med.
Til sommaren vil VUL nok ein gong ha Kaptein Hjørnetann show under fiskefestivalen. Her er frå den gongen Kaptein Hjørnetann kidnappa Moa og fekk ho til å gå planken.
Vellukka danseshow etter kurs
- Detaljar
Fredag 17.juni møtte føresette, søsken, besteforeldre og andre til danseshow med 1.-4. klassingar frå Imsland og Vikedal, som i vår har hatt dansekurs med Tatjana Voloh som instruktør. Dei viste fram flotte dansenummer for alle dei frammøtte. Vikedal ungdomslag har sponsa lønna til Tatjana etter initiativ frå Inga Elise H. Eide. - Dette opplegget med Tatjana har vore så populært at me håpar på å få til eit liknande opplegg vidare. Vikedal Ungdomslag har sagt at dei vil sponse denne positive aktiviteten vidare, seier Inga Elise H. Eide, som også har tatt initiativ til å søkje om midlar gjennom Sparebankstiftelsen Sparebank Vest.
Det var ein kjekk ettermiddag i gymsalen på Vikedal skule denne fredagen, med ivrige barn som viste fram dansane som Tatjana har lært dei i vår.
Digitalt årsmøte for 2021 gjennomført
- Detaljar
Måndag 21.mars 2022 gjennomførte Vikedal Ungdomslag digitalt årsmøte. Det var ingen eksterne som deltok. Styret behandla vanlege årsmøtesaker og eit par innkomne innspel. Årsmelding for 2021 kan de lese her.
Styret gjennomførte eit nytt digitalt årsmøte, og har me lært å bli flinkare på noko i koronatida er det nemleg å kommunisere på ein digital kanal.
VUL ønskjer fleire medlemmer, her kan de lasta ned giro og betale medlemsskap for 2022. Det er fleire val, alt frå enkelt medlemskap til familiemedlemskap eller støttemedlemskap.
VUL støttar pumptrackbanen
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag støttar dette positive prosjektet med kr. 20.000,-. Vikedal Ungdomslag jobbar for at det skal vera godt med aktivitetar for barn og unge i denne flotte bygda vår, difor støttar VUL slike gode prosjekt som dette.
Tidlegare har VUL bidratt med økonomisk støtte til Vikedal idrettshall, kunstgrasbanen, leikeplassen på skulen, pannabanar og støtte til Vikedal drill med meir. Her kan du lesa meir om dei flotte aktivitetane VUL har gjort tilbake i tid.
VUL ønskjer drivkreftene bak prosjektet lukke til og me ser fram til dagen den skal opnast.
Helsing styret i VUL
Vellukka Halloven fest
- Detaljar
Søndag 31.10.21, på sjølvaste Halloween dagen, arrangerte Vikedal Ungdomslag gratis Halloven fest for 1.-4.klasse i Vikedal og Imsland. Det var mange som møtte denne ettermiddagen, med flotte (skumle) kostymar. Det var sal av kioskvarer og underhaldning. Takk til alle som møtte opp og alle som hjalp til for at dette arrangementet blei ein suksess.