Digitalt årsmøte for 2021 gjennomført
- Detaljar
Måndag 21.mars 2022 gjennomførte Vikedal Ungdomslag digitalt årsmøte. Det var ingen eksterne som deltok. Styret behandla vanlege årsmøtesaker og eit par innkomne innspel. Årsmelding for 2021 kan de lese her.
Styret gjennomførte eit nytt digitalt årsmøte, og har me lært å bli flinkare på noko i koronatida er det nemleg å kommunisere på ein digital kanal.
VUL ønskjer fleire medlemmer, her kan de lasta ned giro og betale medlemsskap for 2022. Det er fleire val, alt frå enkelt medlemskap til familiemedlemskap eller støttemedlemskap.
VUL støttar pumptrackbanen
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag støttar dette positive prosjektet med kr. 20.000,-. Vikedal Ungdomslag jobbar for at det skal vera godt med aktivitetar for barn og unge i denne flotte bygda vår, difor støttar VUL slike gode prosjekt som dette.
Tidlegare har VUL bidratt med økonomisk støtte til Vikedal idrettshall, kunstgrasbanen, leikeplassen på skulen, pannabanar og støtte til Vikedal drill med meir. Her kan du lesa meir om dei flotte aktivitetane VUL har gjort tilbake i tid.
VUL ønskjer drivkreftene bak prosjektet lukke til og me ser fram til dagen den skal opnast.
Helsing styret i VUL
Vellukka Halloven fest
- Detaljar
Søndag 31.10.21, på sjølvaste Halloween dagen, arrangerte Vikedal Ungdomslag gratis Halloven fest for 1.-4.klasse i Vikedal og Imsland. Det var mange som møtte denne ettermiddagen, med flotte (skumle) kostymar. Det var sal av kioskvarer og underhaldning. Takk til alle som møtte opp og alle som hjalp til for at dette arrangementet blei ein suksess.
Rettleiar: smittevern for frivillige organisasjonar
- Detaljar
Frivillige organisasjoner kan gjennomføre aktiviteter innenfor gjeldende regler og anbefalinger. Denne veilederen gir en oversikt over disse, samt noen lokale regler. Det er viktig at hver organisasjon i tillegg følger med på gjeldende regler i egen kommune.
God sommar frå VUL!
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag ønskjer alle ein god sommarferie og håpar me frå hausten av kan møtast og ha aktivitetar som normalt. VUL har førebels "pause" på arrangement, men vil kome tilbake med ny informason om planar for aktivitetar for barn, unge og eldre i den flotte bygda vår.
Bildet ovanfor er er frå ein kulturkveld som VUL arrangerte før Covid-19 blomstra opp. Me håpar, som sagt, å få til ulike arrangement til hausten.
GOD SOMMAR FRÅ STYRET I VIKEDAL UNGDOMSLAG!
Vikedal Ungdomslag ønskjer fleire medlemmer!
- Detaljar
Du treng ikkje bekymre deg for å måtte gå dugnad dersom du blir medlem av Vikedal Ungdomslag. VUL har som mål å skape aktivitetar i bygda for barn, unge og eldre, det betyr at me må ha meir midlar, ved å støtte Vikedal Ungdomslag med ditt medlemskap, hjelper du til med å få til ei aktiv bygd barna våre og sambygdingar elles.