Vellukka PubQuiz 2018
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag arrangerte 10. november 2018, saman med Midtbygdens Ungdomslag, nok ein vellukka PubQuiz. Revybandet vårt PSB spelte opp til dans etter at vinnarlaget "Dvargtassane" (bildet) drog det lengste strået, halvt poeng foran nettopp PSB, som også stilte lag denne kvelden. Det møtte heile 120 personar, som bidrog til at dette blei ein veldig kjekk kveld på Vikedal Bygdahus.
PubQuiz 10.nov 2018!
- Detaljar
Lørdag 10. november inviterar Midbugdens UL og Vikedal UL (MULVUL) til nok ein PubQuiz. Denne gong med det populære, lokale bandet PSB (Port Salutt band). Sjå plakat eller Facebook for meir info om påmelding og anna. Premie på heile 5000 kr til vinnarlaget.
Velkommen!
Medlemskontingent for 2018»
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag er eit aktivt lag som driv ulike aktivitetar for store og små. Det er difor viktig at me får auka medlemstalet vårt.
Me håpar at fleire vil bli medlem slik at me kan driva aktivt for bygda framover også. Klikk direkte på linken i venstre marg eller her for å få utskriftsvennlig versjon.
Medlemsskap i Vikedal Ungdomslag fører ikkje meir dugnad, men til meir aktivitet for barn og unge i Vikedal!
På førehand takk for hjelp, støtte og medlemsskap.
Årsmelding VUL 2017
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag gjennomførte årsmøtet for 2017 på Vikedal Bygdahus 5.mars 2018. Det var eit godt årsmøte med gode resultat og forslag.
Her kan du lesa årsmeldinga for 2017. Her kan du sjå kven som er i styret for 2018 i Vikedal Ungdomslag.