Årsmøte VUL 2019
- Detaljar
Det vert årsmøte for Vikedal Ungdomslag 2019, måndag 9. mars 2020 kl. 19.30 på Vikedal Bygdahus. Send inn saker til styret innan 4. mars til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..
Velkommen, helsing styret.
Lydutstyr til leige
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag har veldig bra utstyr til leige.
Me kan tilby ulike utleigepakkar, etter behov. Sjå lenke "Priser lydutleige" .
Eit prinsipp ungdomslaget har lagt seg på er at dersom barn og ungdommar leiger, vil dei få redusert pris.
Kontaktpersonar for utleige av lyd er:
Daniel Roda Espevoll
Mobil: 94 24 45 12
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Mathias Våg Skjold
Mobil: 95 83 94 65A
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Nils Erik Eide
Mobil: 98 28 68 72
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
VUL sponsar 3-er bane
- Detaljar
Vindafjord Idrettslag, fotballgruppa, har jobba mykje for at dei yngste skal få betre tilhøve når dei trenar og spelar kamp. Dei har fått på plass 3-er banar, som Vikedal Ungdomslag er stolte av å sponsa i tillegg til andre bedrifter. Vår bane har fått namnet "VUL banen". Bra jobba VIL Fotball:-)
Velkommen til haustdisko
- Detaljar
Skyttarkongen måtte gå planken!
- Detaljar
Under fiskefestivalen i Vikedal i dag, måtte bygdas skyttarkonge gå planken og ut i det kalde vatnet. Kaptein Hjørnetann og hans medhjelparar Sigmann og Kortemann var ikkje nådige. Dei fekk først hjelp av mange oppmøtte barn til å finne ein skjult skatt med masse gullpengar. Så var dei med på å finne Bjørn Kjetil Skipevåg, som i fjor vann gull på ein av grenene under Landsskyttarstevnet. Takk til alle som møtte opp i dag, og me kan nesten love at Kaptein Hjørnetann også kjem til Vikedal til neste år.
Sommardisko blir haustdisko!
- Detaljar
Tradisjonen tru har VUL arrangert VUL disko i midten av juli månad. Dei siste åra har det blitt mindre og mindre barn/ungdom som har deltatt på dette kjekke arrangementet,
VUL har no bestemt at arrangementet blir flytta til fredagen etter skulestart, dato for årets haustdisko er då FREDAG 23. AUGUST! Det heile skjer på bygdahuset. Meir info kjem. Følg med på vår heimeside og på Facebook.
Styret i Vikedal Ungdomslag
Medlemskontingent for 2019 »
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag avholdt årsmøte for 2018 4.mars. Nytt år, nye moglegheiter. I den samanheng ønskjer me nye medlemmer velkomne, i tillegg til våre gamle, trufaste medlemmer.
Klikk her for medlemskontingent 2019 eller direkte på bildet av giroen. Du finn også giroen i menyen til venstre.
VUL set pris på støtta!