Oppstartsmøte revy, ny deadline 4.september
- Detaljar
Det var oppstartsmøte for eventuell ny revy hausten 2023 i går på Vikedal bygdahus. Styret i Vikedal Ungdomslag har markedsført på Facebook, heimesida og med plakatar i bygda. Dette i tillegg til “jungeltelegrafen”. Likevel møtte det ikkje så mange som styret hadde håpa på. Dei som kom var veldig ivrige og hadde mange gode idear. Likevel kunne ikkje ein konkluderera med at det blir revy i haust. Det som blei einigheit rundt bordet var at dei som kom skal prøve å hanke inn folk og skrive innslag i løpet av sommaren.
Det blir nytt møte med deadline der endeleg avgjerd blir gjort om det vert revy eller ikkje, det skal vera på Vikedal bygdahus måndag 4. september 2023 kl. 19.00. Så då er det opp til folket i bygda om det blir revy, Vikedal Ungdomslag vil, men er avhengig av at folk blir med på dette omfattande arrangementet.
Referat årsmøte 2022
- Detaljar
Årsmøtet for 2022 blei avholdt måndag 6. mars 2023 på Vikedal bygdahus.
Medlemskontingent for 2023
- Detaljar
Nytt år, nye moglegheiter. I den samanheng ønskjer me nye medlemmer velkomne, i tillegg til våre gamle, trufaste.
Grasrotmidlar til VUL 2022
- Detaljar
VUL kan med glede seia at me fekk over heile 9.244 kroner som Grasrotmottakar for 2022. Me takkar alle som har Vikedal Ungdomslag som Grasrotmottakar. VUL ønskjer at fleire skal setje oss som mottakar, sprei ryktet og venlegast bli med på å oppmoda bygdefolket til å leggje oss til slik at me får midlar til å drive positiv aktivitet for barn og unge i Vikedal.
Momskompensasjon
- Detaljar
VUL fekk tilbake 3.800 kroner i momskompensasjon frå Noregs Ungdomslag for 2022. Alt av mildar kjem godt med når me skal laga til positiv aktivitet for barn og unge i bygda.
Vil du støtte VUL?
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag arbeider for godt oppvekstmiljø i Vikedal for barn og unge. Ein av aktivitetene det siste året har vore danseundervisning med dansepedagog kvar tirsdag etter skulen. Målet er at det skal vera lite kostnad for kvart enkelt born, slik at ingen vert utestengt frå aktivitet pga økonomi i desse tider med høge utgifter. Ungdomslaget søker difor midler frå ulike fond, og har fått litt støtte fra nokre. Men ungdomslaget treng fortsatt økonomisk midler, så flott dersom nokon har moglegheit til å støtte økonomisk, me set utruleg stor pris på.
Frifondmidlar til VUL
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag kan med glede melda om at laget har fått over 18.000 kr i frifondmidlar frå Noregs Ungdomslag for 2022. Desse midlane kjem godt med for å skapa liv og aktivitet for barn og unge i Vikedal.
Planlagd aktivitet er vidareføring av dans for 1-7. klasse, Kaptein Hjørnetann, Sommardisko, HalloVen fest mm. VUL takkar for støtta og dei kjem som sagt veldig godt med.
Til sommaren vil VUL nok ein gong ha Kaptein Hjørnetann show under fiskefestivalen. Her er frå den gongen Kaptein Hjørnetann kidnappa Moa og fekk ho til å gå planken.