Kjekt med HipHop kurs
- Detaljar
Lørdag 3. februar 2024 arrangerte Vikedal Ungdomslag Hip Hop kurs for andre gong for elevar i 1.-7.klasse i Vikedal, Imsland og Sandeid. Sienna frå Kick Dansestudio i Haugesund hadde to grupper denne lørdagen. Ho loste elevane flott gjennom dagen og det såg ut som at ungane koste seg med HipHop.
Det var veldig kjekt at så mange deltok frå desse tre bygdene, VUL synest det er kjekt at folk stiller opp når me arrangerer kurs og liknande. Takk til foreldre som stilte opp som vakter og til initiativtakar og organisator Inga Elise Haugland Eide.
Dette må gjentas.
V.U.L har fått Vipps!
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag har fått eigen Vippskonto. Den skal brukast til kiosksal, påmeldingsavgift, billettsal og til å motta gåver med meir. Her er info om Vikedal Ungdomslag sin Vipps-konto:
Det blir revy i Vikedal våren 2024
- Detaljar
Det blir revy i Vikedal igjen, våren 2024. Styret i Vikedal Ungdomslag vedtok på årsmøtet at det skulle arrangerast eit oppstartsmøte før sommerferien. Det møtte ein del på dette møtet, men ikkje så mange som ein hadde håpa på. Det blei då bestemt at det skulle bli eit nytt møte i september, det var "deadlineday", då skulle det avgjerast om det blei revy eller ikkje.
Det møtte enda fleire bygdefolk som ville vera med på revy på dette møtet og det blei då altså bestemt at det skal arrangerast revy våren 2024. Førebels helg er 16.-18. februar 2024. Dette vert det meir informasjon om når det er endeleg bestemt. Set av denne helga og gled deg til nok ein revy i regi av Revygruppa Port Salutt.