Det blir revy i Vikedal våren 2024
- Detaljar
Det blir revy i Vikedal igjen, våren 2024. Styret i Vikedal Ungdomslag vedtok på årsmøtet at det skulle arrangerast eit oppstartsmøte før sommerferien. Det møtte ein del på dette møtet, men ikkje så mange som ein hadde håpa på. Det blei då bestemt at det skulle bli eit nytt møte i september, det var "deadlineday", då skulle det avgjerast om det blei revy eller ikkje.
Det møtte enda fleire bygdefolk som ville vera med på revy på dette møtet og det blei då altså bestemt at det skal arrangerast revy våren 2024. Førebels helg er 16.-18. februar 2024. Dette vert det meir informasjon om når det er endeleg bestemt. Set av denne helga og gled deg til nok ein revy i regi av Revygruppa Port Salutt.
Oppstartsmøte revy, ny deadline 4.september
- Detaljar
Det var oppstartsmøte for eventuell ny revy hausten 2023 i går på Vikedal bygdahus. Styret i Vikedal Ungdomslag har markedsført på Facebook, heimesida og med plakatar i bygda. Dette i tillegg til “jungeltelegrafen”. Likevel møtte det ikkje så mange som styret hadde håpa på. Dei som kom var veldig ivrige og hadde mange gode idear. Likevel kunne ikkje ein konkluderera med at det blir revy i haust. Det som blei einigheit rundt bordet var at dei som kom skal prøve å hanke inn folk og skrive innslag i løpet av sommaren.
Det blir nytt møte med deadline der endeleg avgjerd blir gjort om det vert revy eller ikkje, det skal vera på Vikedal bygdahus måndag 4. september 2023 kl. 19.00. Så då er det opp til folket i bygda om det blir revy, Vikedal Ungdomslag vil, men er avhengig av at folk blir med på dette omfattande arrangementet.
Referat årsmøte 2022
- Detaljar
Årsmøtet for 2022 blei avholdt måndag 6. mars 2023 på Vikedal bygdahus.
Medlemskontingent for 2023
- Detaljar
Nytt år, nye moglegheiter. I den samanheng ønskjer me nye medlemmer velkomne, i tillegg til våre gamle, trufaste.
Grasrotmidlar til VUL 2022
- Detaljar
VUL kan med glede seia at me fekk over heile 9.244 kroner som Grasrotmottakar for 2022. Me takkar alle som har Vikedal Ungdomslag som Grasrotmottakar. VUL ønskjer at fleire skal setje oss som mottakar, sprei ryktet og venlegast bli med på å oppmoda bygdefolket til å leggje oss til slik at me får midlar til å drive positiv aktivitet for barn og unge i Vikedal.
Momskompensasjon
- Detaljar
VUL fekk tilbake 3.800 kroner i momskompensasjon frå Noregs Ungdomslag for 2022. Alt av mildar kjem godt med når me skal laga til positiv aktivitet for barn og unge i bygda.